26.01.2013

Vil du vera med så heng på

Endå eit inspirerande bloggår er forbi, og det er på tide å gje noko tilbake. 

Den eine premien er dette hankledet som eg har sydd. 

Stoffet er lin, og det er pynta med blonder.

Den andre premien er denne brikka som eg har hekla.

Den er ca 25 cm i diameter.

Vil du vera med, skriv du berre ein kommentar på dette innlegget. Trekning blir i løpet av neste helg. 

God helg :)

18.01.2013

Juleputar og litt gjenbruk

Til jul sydde eg seks enkle putar av koseleg julestoff som eg hadde.

Og dette øverste stoffet syns eg var ekstra fint.

Men glade kattar som kosar seg i jula, er jo og kjekt.

Etter jul sydde eg eit par gjenbruksputar av ei gardin som eg hekla for lenge sidan. Det var mykje brukandes på den, og endå har eg meir igjen.

God helg, og takk for besøket :)

10.01.2013

Sjal og lestar

Dette sjalet hekla eg før jul, og det var ei gåve.
Det er hekla i babyull, og eg hekla det på same måte som  lyslyktene mine.
 Eit par lestar blei og med i pakken. Dei er strikka i Ida strømpegarn.
Dette vart dårlege bilder, så det blir kjekt når dagane blir lengre og lysare. Det er allerede torsdag, og i dag  har det vore eit nydeleg vær. Håper det held seg slik lenge.

Då seier eg god helg, og takk til deg som stikk innom :)



05.01.2013

GODT NYTT ÅR

Eg startar det nye året med å visa noko som eg strikka til jula 2011. Bedre seint enn aldri får eg sei.
 Dette settet strikka eg då til bestemorguten. Buksa er ein blanding av to oppskrifter, men gensaren er mi eiga oppskrift. Eg brukte eit garn som heiter Alpa.

Her sit han med gensaren på seg, og eit resteteppe for bestemor. 

Kragen kunne nok vore strikka litt lenger, for den vil bretta seg litt opp bak. Ellers så var det eit greit sett, og han hadde litt å veksa i.

Men bestemorguten bur langt vekke, og veks raskare enn bestemor anar.

Så denne vesten som eg strikka no til jul til han, var akkurat passe.

Den er strikka i Smartgarn.

På skuldrane  passa eg på å strikka berre ein omgang på den siste stripa på fram-og bakstykke, slik at den tredje omgangen blei til når eg maska saman til slutt.

Ynskjer deg eit kreativt år :)