24.11.2012

Hekla kragar og gjenbruk av julekuler

Eg ser at det er moderne med hekla kragar igjen, så eg fekk lyst til å prøva meg på det.

Det blei tre ulike mønster, som blei til etter kvart som eg hekla.

Dei kan vel egentleg brukast med opningen både framme og bak.

Eg har ikkje sydd i knapp, for det var vanskeleg å bestemma kven eg ville ha. Det går jo og an å tre i band som ein knyter.

Dette var gøy hekling, så det blir sikkert fleire i ulike fargar framover.

Vil du fornya julekulene dine, kan du hekla rundt dei. Tok av opphenget som var, og hekla luftmasker til det var passeleg langt.

Så kjekt at du stakk innom :) God helg.

18.11.2012

Gjenbruk

Vil du ha ein original og gjenbruksvenleg oppbevaring til korta dine no i julehandelen, er desse ein god ide.

Dei er praktiske, har to rom, og har plass til både kort og sedlar.

Dei blir lukka med ein trykknapp.

Og det er mange sortar å velgja mellom.

Kor lenge dei varer, vil vel avhenga av bruken.

Men kartongane er jo ganske kraftige, så eg vil tru dei held ei god stund.

Kanskje ei original gåve til miljøbevisste.

Eller til den som har alt.

Du vil etter kvart finna dei her.

Takk for koselege kommentarar på gensaren i forrige innlegg :)

Ynskjer deg ein fin søndag :)

10.11.2012

Gensar frå 1990, og isskrapevottar

Då Skappelgensaren begynnte å florera på bloggane, kom eg på at eg hadde ein gensar som kunne minna litt om den.

Eg strikka den i 1990, og brukte den ein del med det same. Så forsvann den inn i skapet.

Veit ikkje kva garn eg har brukt, men det er litt tynt, og den er strikka utan oppskrift.

Den er passeleg vid, og veldig behageleg å gå med.

Så no er den i bruk igjen.

Så måtte det litt påfyll til med isskrapevottar. Dei er populære no før jul.

God helg, og takk for besøket :)

03.11.2012

Nytt antrekk til jul

Nei, det er nok ikkje eg som har fått meg nytt antrekk til jul.

Denne gongen var det zaloflaska som gjerne ville ha seg eit juleantrekk. Resultatet vart tre trekk med ulik pynt. På den første har eg pynta med eit tovahjerte som eg har klipt ut av eit mislukka toveprosjekt.

Denne fekk ein heklablomst til pynt.

Og her hekla eg ei rad med lm som eg forma til eit hjarte og sydde på.

Dei blir å finna her etter kvart.

Eg likar godt at snøen er i ferd med å forsvinna, og det er sol og ganske mildt i dag.

Takk for at du stakk innom bloggen min, og god helg til deg  :)