17.07.2012

Litt ordning og fiksing

Eg hadde eit par gensarar og ein topp som var for korte, men fordi eg likte så godt fasongen på dei, hadde eg ikkje lyst til å kvitta meg med dei.

Diverse bomullsgarn hadde eg, og denne gensarsen som var i eit tynt stoff, fekk ein heklablonde i tynt bomullsgarn.

Denne gensaren var tjukkare, så her vart det ein enkel forlengelse i litt tjukt garn.

Og til slutt ein topp som fekk ein luftig kant nede.

Fortsatt god sommar og ferie :)

05.07.2012

Flott gensar med smart hals.

No har eg og strikka denne flotte gensaren med nydeleg hals.

Det er jo ein enkel gensar å strikka, og halsen blir absolutt prikken over i'en. Den er strikka i Sumatra bomullsgarn, og Alpaca Silk, og eg kjøpte garn og oppskriftshefte her. Du kan og lesa om garn og oppskrift her.

Eg valde to ulike fargar for å få ein melert effekt, og den fekk derfor eit litt røffare uttrykk. Dette er absolutt ein gensar eg kunne tenkt å strikka fleire av, i ulike fargar og garn.

Eg ser det viser at den ikkje er vaska enno, men det kom i andre rekke når eg skulle blogga den.

Treng du eit enkelt sommarstrikk, er denne mitt i blinken.

Ha ein fortsatt fin sommar :)