24.06.2012

Etui til passet

Her har eg sydd nokre enkle etui med glidelås, til oppbevaring av pass.

Dei er såpass romslege, at ein kan få plass til litt andre småting og.

Greit å ha viktige ting samla på ein plass.

Alle er fora, og har vatt mellom laga.

Ynskjer deg ein god søndag :)

16.06.2012

Kjekt med hakking

Hakking er anvendeleg til mykje, og denne gongen har eg hakka mobiletui i ulike storleikar. Dei kan nok og brukast til kamera, eller  anna ting og tang.

Med dobbelt garn blir dei tjukke og stødige, og mobilen toler ein støyt. Øverst har eg hekla ei rad med krepsemasker, som gjer ein stødig kant.

Så vart det og to sommarvesker til, lik dei eg har hakka før. Desse blir lukka med ein trykknapp.

God helg, og takk for at du stakk innom :)

09.06.2012

Kjøkkenhandkle/ baksteklede

Eg hadde noko stoff som eg syns passa så godt til kjøkkenhandkle.

 Ein meter linstoff vart  akkurat nok til fire stykk. Etter ein runde i vaskemaskin og tørketrommel, vart linen mjuk og god.

Så hadde eg ein halv meter av dette stripete stoffet. Det er likt på begge sider. Det vart nok til to stykk. Blonder brukte eg av dei eg hadde, og det rakk akkurat.

 Dei kan jo og brukast til baksteklede, for dei er store og gode, og pyntar fint opp på kjøkkenet.

Etter kvart vil dei ta turen både hit og dit.

God helg, og takk for at du stakk innom :)

02.06.2012

Mapper til diverse nettbrett/iPad

Denne gongen har eg sydd mapper til diverse nettbrett. Eg har det  ikkje sjølv, så eg kan derfor ikkje visa dei med noko inni.

Det var kjekt å ta ut stoff til desse mappene.

Og desse to stoffa med fugl på, syns eg var så fine.

Her er ei koseleg marihøne, som kanskje ser litt trist ut. 

Og her er ei for den fargeglade.

Alle har glidelås, er fora, og har vatt mellom laga.
Dei blir etter kvart lagt ut både her og her, med nærare beskrivelse av kva dei passar til.

God helg, og velkomen til fleire nye følgarar i det siste. Det er så kjekt , og blir sett stor pris på :)