26.05.2012

Litt av kvart

Så er eg tilbake til sying igjen.

Denne gongen vart det tre trekantvesker i ulike storleikar. 


Desse kan passa bra til oppbevaring av muffinsformer, og blir ein fin fargeklatt på kjøkkenet.

Dette er den største, og denne sydde eg eit nålebrev til. Den er praktisk til diverse små handarbeid.

Og så hadde eg dette fine stoffet som eg syns passa godt til ei strikkemappe med tilbehør.

Det er god plass i den, og praktisk å ha med seg på tur/ferie.

Dette blir lagt ut på epla etter kvart.

Takk for at du stakk innom. Ynskjer deg ei fin pinsehelg :)

19.05.2012

Veske til sommarantrekket

Det er ikkje alltid ein treng så stor veske når ein skal ut ein liten tur.

Desse kan passa fint til sommarkjolen eller sommarantrekket.

Veskene er hakka, og er lik 17. maiveskene eit par innlegg lenger ned.

Snora har eg tvinna, og den er så lang at du kan ha den på tvers over skuldra. Vil du ikkje det, kan du forkorta den ved då knyta ein enkel knute på den.

Den kan lukkast med ein kraftig trykknapp.

God helg, og tusen takk for mange positve kommentatar på voksdukresten min i forrige innlegg :) Det er kjekt når ein rest kan koma til god nytte.


12.05.2012

Praktisk med voksduk.

For ei tid tilbake kjøpte eg ein rest med voksduk, utan å ha noko plan med den.

I stadenfor å kjøpa diverse boksar til oppbevaring, tenkte eg det kunne vera greit å sy det av denne resten.

Det er ein litt tjukk type voksduk, som er stødig og god.

Sydde eit strikkenett, som kan vera greit å ha med seg ut når ein strikkar. 

Det har ein ca firkanta botn, så det står godt utan noko oppi. Alt er fora, og det er vatt mellom laga.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

04.05.2012

17. maivesker

Syns det var så kjekt å arbeida med 17. maifargar, så her er litt meir av det.

Tenkte det kunne vera praktisk å ha ei lita veske til ting og tang ein har med seg på 17. mai.

Veskene er hakka i bomullsgarn, og eg har brukt dobbel tråd. Det er lenge sidan eg har hakka no, så det var veldig kjekt å prøva det igjen.

Rosetten er same sort som eg brukar til 17. maisløyfene.

Snora er laga så lang at ein kan ha den på tvers over skuldra. Vil du ikkje det, kan du knyta ein enkel knute for å gjera den kortare.

Den kan lukkast med ein stor trykknapp.

Ynskjer alle som er innom bloggen ei fin helg :)


01.05.2012

Meir sying

Etter fangsten med stoff i påska, har eg blant anna dette maritime og flotte stoffet med gamle seglskuter.

Lurte  på kva som passa å sy av det, og fann ut at eg kunne i alle fall prøva på ein pute. 

Hadde lyst  å bruka knappar i opninga, så då vart  det knappar med hemper. Knappane er gjenbruk.

Så  trekantvesker igjen, og resultatet vart desse to.

Og endå ei strikkemappe med tilbehør har sett dagens lys.

Det er praktisk å ha eit etui til ting og tang i strikkemappa, og eit nålebrev til nåler, sikkerhetsnåler, maskemarkørar ol.

Ynskjer alle ein flott maidag :)