18.12.2011

GOD JUL




God jul, og takk for eit kjempekjekt bloggår :)

12.12.2011

Litt førjulsstrikk

Det skjer ikkje det heilt store her på handarbeidsfronten for tida.

Men innimellom juleførebuingar er det greit å ha noko enkelt å ty til.

Og litt garn til å strikka vottar av, er ikkje vanskeleg å finna.

Det vart enkle vottar, med ein brodert blomst på kvar.

Garnet er både tjukt og mjukt, og inneheld ull, polyamid og alpakka.

Alle fire para er lagt ut på Epla.

Ynskjer alle ei fin førjulsveke :)

11.12.2011

Ambrosiabrød

Ambrosiabrød er gode julebrød som det er blitt tradisjon å baka kvart år.


Dei inneheld stjerneanis og nellik som er gode julekrydder.

Her er oppskrifta:
4 dl mjølk
1 dl vatn
150 g smør
1,5 kopp (ca 2,5 dl) sukker
1 egg (kan sløyfast)
50g gjær
1 ts salt
ca 800 g (ca 14,5 dl) kveitemjøl
2 ts stjerneanis
1 ts nellik
rosiner eller korinter (kan sløyfast)
Bland saman mjølk, vatn, smør og sukker, og gje det eit oppkok. Avkjøl. Ha i gjær, og eventuelt egg. Ha i det tørre, og bland godt. Set til heving. Del deigen i tre, og bak ut runde eller avlange brød. Set til heving ein gong til. Pensle med egg eller vatn. I oppskrifta står det at dei skal steikast på 200 grader. Det er litt sterk varme for min ovn, så eg brukar å steika dei på 180-190 grader. Ca. 30 min.

Smakar nydeleg med brunost, eller anna favorittpålegg :)

Ynskjer deg ein god adventskveld :)

03.12.2011

Strikkasett

Eg har strikka eit enkelt sett til meg sjølv med hue og vottar. Oppskrifta blei til etter kvart.

Det er strikka i dobbel perlestrikk, og med dobbelt garn.

Garnet heiter Alpa, og er kjøpt på Europris. Det inneheld 15% ull, 20% alpakka, og 65% akryl. Til tross for mykje akryl, så kjennest det ikkje slik ut, og det er veldig mjukt og godt å strikka med.

Resultatet etter vask er og mjukt og godt.

Vottane er i same mønster, og det er fargen på dei øverste bileta som er den rette.



Ynskjer alle ei god adventshelg :)