25.05.2011

Trekantvesker

No har endeleg eg og prøvd å sy trekantvesker. Inspirasjonen fekk eg på Mormonsen sin blogg. Der kan du sjå  flotte trekantvesker som ho har sydd, og ei  god og enkel forklaring :) 

Dette er den første eg sydde, og det meste er gjenbruk. Hestemerket fann eg i syskrinet, og det var i si tid på ei bukse som eg sydde til pappaen til bestemorguten. Buksa er forlengst utslitt, men merket tok eg vare på.

Broderte på namnet til bestemorguten, så denne er det nok han som får til å ha hemmelege ting i :)

Så vart det ei til, som vart litt mindre. Den pynta eg med ein hekla snøkrystall som eg hadde.

Desse er utan for, og då eg skulle sy denne, fann eg ut at eg ville prøva å sy den med fransk saum, slik at sårkantane vart skjulte. Det fungerte bra, og dette er den eine saumen inni veska. Det er enkelt å sy slik saum: Du syr først saumane frå retta, så vrenger du den, og syr frå vranga. Dermed blir sårkanten skjult inni saumen.

Her ventar vi på våren, og håper den kjem snart :)

11 kommentarer:

Anonym sa...

Hei.Dem var kjempe fine.Koselig med navn og hekling på.Nydelig.Nå vil jeg ha Sommer og Sol lei av å bærra ved.Er nesten som høst.Ønsker deg en riktig fin Onsdagskveld.Klem fra Bodil.

Orlaug sa...

Hei på deg!
Slike trekantvesker har eg òg hatt planer om, men no vert det lite sying.
Synest dei er so fine.
Vårarbeid tek det meste av tida, og vèret er ufyseleg.......det var vel nok "klaging", ellers er alt bra!!!
Fin onsdagskveld!

Tonemor sa...

De trekantveskene er knall tøffe.
God ukeslutt.
Klem Tone

lirosa sa...

Tøffe vesker, -minner nesten litt om de "gammeldagse" sjokoladepuddingene du vet?...

Sissel sa...

Tøffe vesker du lager, ser veldig anvendelig ut også :)

Sonja sa...

Fine vesker og så mye arbeide du legger ned i dem. Artig med den rytteren, jeg har også en tendens til å sprette av og gjemme på sånne ting. Det er jo morro når en får bruk for det igjen.

Gurimalla! sa...

Så fine trekantvesker!

Petrinetrollmor sa...

Kjempefine vesker !!

Å ååå du får det til å høyrest så enkelt ut :)

Har nettopp pakka opp ei splitter ny symaskin. Det var Petrinemannen som insisterte på at vi måtte ha oss ei ny maskin, no som den gamle la ned labben for godt. Ikkje det at det er han som syr, men han meinte det kunne vere kjekt med vår eiga, så slepp vi å låne frå andre.

EG LIKAR IKKJE Å SY ! Eg får det ikkje til ! og det var så velsigna godt å sleppe å ha symaskin.

Men no står ho der. Skal tru om vi nokon gong blir venner, slik som du og di maskin ??

Petrinemannen skal jaffal få ta symaskinsertifikat, det skal eg SYte for :))

Men eg er då litt heldig :))

klem

strikkedilla sa...

Kjempefine trekanvesker.

Siri @ Strikk og tøys sa...

Så fin trekantveske. Jeg må virkelig få dreis på den symaskina - når jeg ser hvor mye fint som lages blir jeg inspirert!

VIl takke deg for at du er med i gi bort-lotteriet mitt!

Og ønsker deg i samme slengen en riktig god helg :-)

Marit sa...

Så flotte vesker.
Her blir det lite sying på maskin, er ikke så glad i den.
Flotte vaskevotter så jeg og du hadde strikket, og brødet så godt ut.
Ønsker deg en fin dag.
Klem.