11.03.2011

Varm og enkel gensar.

Denne gensaren har allerede varma  dotter mi Svanhild, det meste av vinteren. Det er ein enkel gensar å strikka, men det var slik ho ville ha den. Den er strikka i Oda frå Europris. Det er eit rimeleg garn med 50% ull, og 50% akryl, men det er veldig mjukt og godt.


Ho ville ha armane litt lange.

Brotet ville ho ha litt stramt, så ho kan dra det lenger opp utan at det sig ned.
Halsen ville ho ha litt vid ut på skuldrane.
Oppskrifta har eg berre  skreve ned i stikkordsform, så her er ei cirkaoppskrift for den som måtte ynskja det:
Den er strikka på pinne nr. 6, og eg brukte litt tynnare pinnar til brota. Og det er ca. str. SMALL.
Bolen:
Legg opp 112 m.
Strikk brot 1 r - 1 vr.
Auk til 132 m.
Str bolen så lang du ynskjer den. 
Del arbeidet, og str armhol så lange du vil ha dei.
Eg strikka halsen berre litt utringa framme.
For at halsen skulle bli litt vid, maska eg saman berre 15 m på kvar skulder.
Str eit lite brot i halsen til slutt.
Armar:
Legg opp 36 m.
Str brot 1 r - 1 vr.
Auk 4 m etter brotet.
Auk 2 m kvar fjerde omg. til armen er like vid som armhola.
Fell av, og sy på armane.
Og vips, så var gensaren ferdig :)

God helg, og takk for alle koselege kommentarar :)





11 kommentarer:

Lindas hobbyhjørne sa...

Det var en enkel og fin genser, som man kan bruke til alt :)
Ha en forsatt fin kveld, klem.

Anita Tørmoen sa...

Dette var en flott genser.

Tonemor sa...

Det enkle er ofte det beste.
Den ble kjempe fin.
Klem Tone

Svalen sa...

Flott genser!
Godt å ha varme ullgensere på når det er kaldt ute.
God helg.

Tovepia sa...

Flott genser og garnet så godt ut! Litt godt med lange gensere som varmer.
Likte vaskevottene dine under her også!
Nyt helga og klem fra meg;)

Ann Tove sa...

Fin genser. Noko av det kjekke med å strikke, er at ein kan lage plagga slik ein vil ha dei. Takk for hyggeleg komentar i bloggen min. ha ein fin sønndag.

mimouna sa...

Sånne enkle ensfargete basisplagg er uunnværlige i garderoben. De passer jo til nesten alt! Strikket mange gensre i den fasongen på 80-tallet, men det var stort sett i pusegarn. *mimre*

God søndag!

Sidselsidserk sa...

Genseren så god ut og av og til er det enkle ofte det beste. Takk for oppskrift

Petrinetrollmor sa...

Så flott den er ! Helig farge også. Har ikkje prøvd å strikke noke i Oda, trur eg. Det lyt eg prøve. Held på å teste ut THea garnet, 100% akryl. Ja, ja.

Ønsker deg ei fin veke,

klem frå Petrine

Ruths datter sa...

Denne genseren ser hun ut til å trives i. Ikke rart for den var fin.
Torsdagsklem fr meg

Solveig sa...

Det enkle er ofte det som blir mest brukt. Ser ut som en deilig genser. Odagarnet har jeg strikket en barnekjole i en gang, husker at det var mykt og godt.