19.03.2011

Surre-rundt -skjerf og vottar

Det er ikkje alltid ting blir blogga rett etter at det er laga. Denne halsen har varma Svanhild det meste av vinteren. Oppskrifta fann ho sjølv på Pickles. Det er eit artig mønster, som eg dessverre ikkje får fram på bileta.

Den er strikka i same garn som gensaren under, men her har eg brukt det dobbelt , og den er strikka på pinne nr. 15. Eg har aldri strikka på så tjukk pinne før, så eg måtte  kjøpa ein. Eg fann den berre i metall, og det var ikkje akkurat det mest ideelle til den oppskrifta. Den var så glatt, så eg måtte vera eksta på vakt så eg ikkje mista ned ei maske. Resultatet er eit veldig langt og varmt skjerf som kan surrast mange gongar rundt halsen.


Så ville ho gjerne ha seg eit par nye vottar, og det fann ho i lageret. Ull er gull når det er kaldt, og med den kalde vinteren vi har hatt, har det kome godt til nytte.
Her ser det ut til å bli ein fin dag med sol frå skyfri himmel.

God helg til alle som er innom bloggen min :)

10 kommentarer:

Greta sa...

Det var eit spennde skjerf/sjal. Så tjukke pinner strikker eg ikkje. Det får holde med p nr 9 på meg.
Supre votter da. Knallfine. Ha ein super dag i sola. klem

Tonemor sa...

Nydelig skjerf og votter.
Har prøvd å strikke på så tykke pinner jeg også, litt av et arbeid.
Puuhhh!!!
Fortsatt god helg
Klem Tone

Anita Tørmoen sa...

Det var da store pinner! Kjempeflott hals og votter.

Petrinetrollmor sa...

Hei ! Kjempstilig skjerf. Dette såg så spennande ut at dette må prøvast:)

Og så søte dei var vottane !

No venter eg på at potetballen skal koke ferdig. Nam. Det er laurdagskos, det !

Ha ei riktig god helg :)

Anonym sa...

Hei.Kjempe fint sjal.Nydelige votter.Ja nå er det vår i lufta.Deilig.Men dårlige mellinger.Ønsker deg en riktig fin ny uke.Klem fra Bodil.

Svalen sa...

Så spennende teknikk på lue og sjal, har ikke sett det før!
Flotte votter.

Ha en flott dag.

Kjersti M sa...

Disse surr rundt skjerfene er kjempepopulære hos ungdommen. Og dette var jo bare nydelig.

Anonym sa...

Det skjerfet så herlig ut. Jeg har aldri strikket med pinne nr. 15, men synes generelt at veldig tjukke pinner er et problem. Jeg kjøpte noen grisedyre rundpinner i bambus. Og syntes de var problematisk å strikke med, da "nylondelen" ble så mye tynnere, så maskene stoppet opp i overgangen.
Og helt enig i at ull er gull. Intet over, intet ved siden. :)

strikkedilla sa...

Så fint. Har aldri sett sånn før tror jeg. Flotte votter.

Siri @ Strikk og tøys sa...

Kult skjerf og fine votter!

Vil gjerne få takke deg for at du deltar på påskelotteriet på bloggen min!