26.02.2011

Barnevest



Først vil eg takka for alle hyggelege gratulasjonar på bursdagen min :) Dette er vel den mest overraskande og originale bursdagsgåve eg har fått, og med det nye designet som ho teikna, er det vel ikkje tvil om at det er ein handarbeidsblogg! Berre ikkje sauen spring fortare enn strikkepinnane greier å følgja :) 

Så har eg strikka to barnevestar. Oppskrifta har eg laga sjølv, og dei er strikka i Tiur dalegarn og Silja på pinne nr. 3,5. Trur den passar frå ca. 8 mnd. og oppover. Den nederste fekk bestemorguten når han var ca. 8 mnd, og då  har han litt å veksa i. 

Den øverste blir lagt ut på Epla i løpet av helga.

God helg til alle som er innom :)

22.02.2011

Gratulerer med dagen!

Heiheihei bloggfolks! Svanhild speaking, dottera til Bodil.

Gratulerer så mykje med dagen din, Mamma!
Du er verdens beste (om ein ser vekk frå mas om å hjelpe til med bloggen. Heheheee). Eg hadde mine tvil om at eg skulle bli ferdig med årets bursdagsgåve til deg, men det ser ut som om eg klarte å komme i mål! Har pønska på dette lenge, og har no gjort ein skikkelig heftig innspurt dagen før dagen. Håper du får ein fin bursdag, og at du har laga deg ei god kake! Skulle gjerne sagt at det var trist eg ikkje får vere heime på bursdagen din sidan eg ikkje bur heime lenger, men som vi begge veit, klarer eg alltid uansett å reise vekk på vinterferie på dagen din.

Gratulerer med nytt design på bloggen din, håper du er nøgd med det (etter mykje slit og strev frå mi side)! Gla i deg. Stor klem frå Svanhild :)



(Dersom du ser dette før du fer på jobb, ikkje prøv å kontakte meg på nokon måte, eg har fri og vil sove til 11).

16.02.2011

Hekling igjen


Når eg først er i heklemodus, tek det visst ei stund før det går over.


Som de ser, så er det blitt endå ei pute. Ei lang denne gongen, og som slett ikkje var lett å ta bilete av!
Eg har brukt same mønster som på gryteklutane under, og hekla den rundt. Den er derfor lik på begge sider.

Takk for mange koselege kommentarar på gryteklutane i forrige innlegg :) Forstår det er mange som mimrar tilbake, og kan hugsa slike gryteklutar frå barndomen :)

09.02.2011

Gryteklutar


No har eg kosa meg med å hekla desse gryteklutane som er blitt så populære igjen. 

Her ser fargen lilla ut, men dei er lys blå.

Dei er hekla i Tuva bomullsgarn med heklekrok nr. 3,5.

Eg hadde eit par gamle som eg såg etter når eg hekla dei, men eg ser at dei fins i mange variantar.

05.02.2011

Blog2print


Å kjøpa bloggen sin i bokform synest eg er ein god ide, og eg ser at det er mange som gjer det.


Kvaliteten på bøkene er god, og det er tjukke ark som tåler å bli bladd i. Eg synest og at bileta er bra kvalitet,   men det er ikkje så lett å få vist her.


Bøkene er kjekke å ha som oppslagsverk når PC-en ikkje er i nærleiken.


Her er det oppskrifter på både strikking og mat.

 Det er og eit register framme i boka, så det er enkelt å finna fram til det ein er ute etter. Lurer du på kvar du får kjøpt den, finn du link til høgre i bloggen min: Blog2print.

Ynskjer alle ei flott helg :)

01.02.2011

Og vinnarane er

No har eg trekt vinnarane av lotteriet mitt, og dei som vann var desse:
Muffin med bloggen Muffins verden vann løparen.
Ruths datter med bloggen Ruths datter vann garnet som eg har spunne.
Marit Johanne med bloggen Marits hobbyblogg vann klutar og kjøleskapmagnetar.

Gratulerer til vinnarane :)  Sender gevinstane når eg har fått adressene.

Tusen takk til alle som var med :)