18.12.2010

Pyntehandkle


Endeleg har eg fått brukt mønsteret som eg kjøpte hos Muffin. Ho er jo så flink, og teikningane hennar er ei fryd å brodera etter.


Juleduk har eg ikkje starta på enno, men eg brukte nokre av figurane og broderte eit nytt pyntehandkle til jul.


Eg valde ein av dei store englane som motiv.


Rundt stjerna var det ein strofe av ein juesong, men her syns eg det var nok med berre stjerna.


Blonden hadde eg frå før. Den har eg hekla med tynn nål for lenge sidan, og eg brukte den ei stund på nokre hyller.



Eg har brukt fleirfarga moulinegarn til broderiet, og det synest eg gav meir liv til mønsteret.


Fordi pyntehåndkleet blir bretta framover på stanga det heng på, så må det faldast frå begge sider. Då klipper eg først eit hakk der det blir lagt over. Så syr eg ein fald frå kvar si side.


Forma er ikkje på topp for tida, men med ei snill dotter som er kome heim på juleferie, ordnar det meste seg til jul.

Det har vore eit kjempekjekt bloggår, og eg vil takka for alle koselege kommentarar.

Håper de får ei fin jul alle saman. Juleklem frå Bodil :))

04.12.2010

Sjal og pynteskåler


Det er kjekt med litt sjalstrikking innimellom, og dette og er strikka i Trysil babyull.


Har laga mønsteret sjølv, og sjalet er ei gåve.



Greit med ein farge som passar til alt, når ein ikkje veit kva farge mottakaren likar.


Så har eg hekla tre større pynteskåler.


Dei er ca. 13 cm i diameter, og dei er så stødige at dei og held forma utan noko oppi.




Ellers kan dei brukast både til telys, gotteri, småkaker og anna ting og tang. Dei er allerede lagt ut i butikken.

Ynskjer alle ei fortsatt god førjulstid :)