26.06.2010

Rundstrikka lommetøfler

Har lenge tenkt å strikka desse artige lommetøflene, og no har eg endeleg gjort det. Utruleg smart oppskrift, og som gjer ein god passform. Garnet eg har brukt heiter Robust sokkegarn, og eg har strikka med dobbel tråd på pinne nr. 4.



Har strikka to par, i omvente fargar.


Men fordi eg helst likar å strikka rundt, så måtte eg jo prøva meg på det denne gongen og. Då strikka eg først begge endane.


Så tok eg det inn på ein rundpinne og strikka rundt resten.


Når det var langt nok, tok eg det over på to pinnar, før eg maska av under foten. Dermed vart det ikkje saumar å sy saman framme og bak. Og blir foten utslitt, er det enkelt å strikka ein ny.


Så er det og blitt nokre fleire hekla klutar i lik oppskrift som sist.


Ynskjer ei fin helg til alle som er innom bloggen min :)

18.06.2010

Utfordring


For eit par veker sidan fekk eg ei utfordring hos Strikkebesta i bloggverda. Utfordringa starta opprinneleg på ein blogg som heiter Hagebø. Gå gjerne inn på bloggen og les meir om utfordringa der. Eg vel å gje utfordringa vidare til dei som har lyst til å laga, eller har gryteklutar dei har lyst til å blogga.


Her er gryteklutane som eg har hekla. Dei er hekla i dobbelt Solberggarn, og eg valde å bruka fastmasker så dei skulle bli tette og gode. Oppskrifta er enkel:
Legg opp 5 lm.
Hekle til saman 12 fm i ringen.
Hekle 3 fm- 1 lm til det er 4 hjørner.
Hekle 3 fm, 1 fm- 1lm- 1 fm i kvart hjørne. Gjenta ut omgangen.
Hekle 4 fm, 1 fm- 1 lm- 1 fm i hjørnet. (5 fm, så hjørnet) ut omg. Avslutt med 1 fm etter siste hjørnet.
Slik fortsett du, og det blir automatisk auka to masker på kvar langside på grunn av hjørnene som blir laga.
Hekle til du har 19 fm på kvar langside (då tel eg ikkje med hjørnene).
Hekle så ei rad rundt med 1fm og ei lm. Hugs 1 fm- 1 lm- 1 fm i kvart hjørne.
Kanten til slutt heklar du slik:
2 st-1 lm- 2 st rundt første buen. 1 fm i neste bue. Gjenta ut omg.
Hempe lagar eg ved å hekla 3 lm ekstra i eit av hjørna.


Desse gryteklutane fann eg oppskrift til på Hagebøbloggen. Dei er strikka i Dominostrikk, og var ein super måte å strikka gryteklutar.


Så kom eg på at eg hadde desse søte gryteklutane liggjande i ei skuffe. Dei er jo frå forrige århundre, men er vel like aktuelle og populære i dag :)


Ynskjer alle ei fin helg :)

11.06.2010

Gryteunderlag


Her har eg hekla gryteunderlag i same mønster og garn som klutane, men eg brukte dobbel tråd.


Har variert litt med fargane.


Både klutane og gryteunderlaga finn de på epla.